Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 32:23-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med dyre eigneluter til Hiskia, Juda-kongen. Og han vart høgt æra hjå alle folkeslag etter dette.

24. På den tid vart Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då bad han til Herren, og Herren svara og gav han eit underfullt teikn.

25. Men Hiskia var ikkje takksam for den velgjerninga som han hadde røynt; han vart hovmodig. Då vart Herren harm på han og på folket i Juda og Jerusalem.

26. Men Hiskia audmykte seg, endå så hovmodig han var, og det same gjorde Jerusalems-buane. Difor kom ikkje Herrens vreidedom over dei så lenge Hiskia levde.

27. Hiskia vann stor rikdom og ære. Han laga seg skattkammer, der han gøymde sølv og gull og dyre steinar, balsamolje, våpen og allslags fine ting.

28. Han bygde lagerhus til avlinga av korn og druesaft og olje og fjøs til bufe av alle slag, og han la seg til buskap på båsen.

29. Like eins bygde han byar og fekk seg småfe og storfe i mengd; for Gud hadde gjeve han mykje gods.

30. Det var Hiskia som stengde det øvre utlaupet av Gihon-kjelda og leidde vatnet under jorda til vestsida av Davids-byen. I alt han tok seg føre, hadde han lukka med seg.

31. Så var det òg den gongen det kom sendemenn frå fyrstane i Babylonia. Dei sende bod til han og ville høyra om det underfulle teiknet som hadde synt seg i landet. For at Gud gjekk ifrå han, det var berre av di han ville setja han på prøve og finna ut kva som budde i hjarta hans.

32. Det som elles er å seia om Hiskia og dei gode gjerningane hans, det står skrive i synene åt profeten Jesaja Amosson og i boka om Juda- og Israels-kongane.

33. Hiskia gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han på ein høg stad mellom gravene åt Davids etterkomarar. Alt folket i Juda og Jerusalem synte han stor ære då han døydde. Manasse, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 32