Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 32:13-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med alle folka rundt om i landa? Har vel dei gudane som desse folka dyrkar, kunna berga landa sine for meg?

14. Kven av alle gudane åt desse folka som fedrane mine bannstøytte, har kunna berga folket sitt for meg? Og så skulle dykkar Gud kunna berga dykk!

15. Lat ikkje Hiskia få narra dykk! Lat han ikkje få lokka dykk på den måten! Tru han ikkje! For ingen gud hjå noko folk eller i noko rike har kunna berga folket sitt for meg eller fedrane mine. Kor mykje mindre vil då dykkar gud kunna berga dykk!

16. Desse og mange andre ord tala mennene hans mot Herren Gud og mot Hiskia, tenaren hans.

17. Han skreiv òg eit brev for å spotta Herren, Israels Gud, og tala mot han. Der stod: «Likså lite som gudane åt folka rundt om i landa har berga folka sine for meg, likså lite skal guden åt Hiskia kunna berga sitt folk.»

18. Og dei ropa med høg røyst på judeisk mål til Jerusalems-buane som stod på muren. Dei ville skræma dei og gjera dei motlause, så dei kunne ta byen.

19. Og dei tala om Jerusalems Gud på same vis som om gudane åt andre folk på jorda, dei som er laga av menneskehand.

20. Då kong Hiskia og profeten Jesaja Amosson høyrde det, bad dei og ropa til himmelen.

21. Og Herren sende ein engel som gjorde ende på alle krigarar, hovdingar og stormenn i leiren åt assyrarkongen, så han med skam og vanære laut fara heim att til landet sitt. Og då han ein gong gjekk inn i templet åt guden sin, kom nokre av hans eigne søner og hogg han ned med sverd.

22. Såleis frelste Herren Hiskia og Jerusalemsbuane frå Sankerib, assyrarkongen, og frå alle andre fiendar, og gav dei ro på alle kantar.

23. Det var mange som kom til Jerusalem med gåver til Herren og med dyre eigneluter til Hiskia, Juda-kongen. Og han vart høgt æra hjå alle folkeslag etter dette.

24. På den tid vart Hiskia så sjuk at det stod om livet. Då bad han til Herren, og Herren svara og gav han eit underfullt teikn.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 32