Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 32:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei tid etter at Hiskia hadde gjort dette og synt så stor truskap, drog Sankerib, kongen i Assyria, mot Juda. Han kringsette festningsbyane der og tenkte han skulle få dei i si makt.

2. Då Hiskia skjøna at Sankerib var komen og ville strida mot Jerusalem,

3. samrådde han seg med stormennene og hærførarane sine om å tetta for vatnet i kjeldene utanfor byen, og dei stødde han i det.

4. Det samla seg då mykje folk, og dei dytte til alle kjeldene og like eins bekken som renn gjennom landet. Dei sa: «Kvifor skulle assyrarkongen koma og finna rikeleg med vatn?»

5. Så gjekk Hiskia med godt mot til verket. Han bygde opp att muren kvar stad han var nedriven, og reiste tårn på han, og utanfor bygde han ein annan mur. Han sette Millo i Davids-byen i stand og fekk laga ei mengd med kastespyd og skjold.

6. Så sette han hærførarar over folket, samla dei hjå seg på torget framfor byporten og sette mot i dei med desse orda:

7. «Ver djerve og sterke! Ver ikkje redde, og lat dykk ikkje skræma av assyrarkongen og heile den hæren han har med seg. For det er ein større med oss enn med han.

8. Med han er menneskemakt, men med oss er Herren vår Gud. Han skal hjelpa oss og strida for oss.» Og folket leit på det Hiskia, Juda-kongen, sa.

9. Så sende Sankerib, assyrarkongen, som låg utfor Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var med i Jerusalem, og sa:

10. Så seier Sankerib, kongen i Assyria: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de roleg lèt dykk kringsetja i Jerusalem?

11. Hiskia vil at de skal døy av svolt og torste. Difor lokkar han dykk og seier: «Herren vår Gud skal berga oss for assyrarkongen.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 32