Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 31:4-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Han baud òg folket som budde i Jerusalem, å gje prestane og levittane det dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.

5. Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med fyrstegrøde i stor mengd, av korn og druesaft, olje og honning og alt det dei elles dyrka på marka. Dei bar fram rikeleg med tiend av alt.

6. Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe og kom med heilage gåver som var vigde til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug.

7. I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande var dei ferdige.

8. Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, prisa dei både Herren og Israel, folket hans.

9. Og då Hiskia spurde prestane og levittane om desse haugane,

10. svara Asarja, øvstepresten, som høyrde Sadok-ætta til: «Sidan dei tok til å koma med gåver til Herrens hus, har vi ete oss mette og endå hatt rikeleg til overs. Herren har velsigna folket sitt. Difor har vi alt dette att.»

11. Så sa Hiskia at dei skulle laga opplagsrom i Herrens hus. Og då det var gjort,

12. kom folket ærleg og greitt med avgifter, tiend og heilage gåver og la dei der. Den som hadde tilsyn med dette, var levitten Konanja og nest etter han Sjimi, bror hans.

13. Men under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Det var kong Hiskia og Asarja, forstandaren i Guds hus, som hadde sett dei til det.

14. Levitten Kore, son til Jimna, som heldt vakt ved austporten, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvene til Gud. Han skulle dela ut offergåvene som Herren fekk, og dei høgheilage gåvene.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 31