Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 31:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Under han stod Eden, Minjamin, Jesjua, Sjemaja, Amarja og Sjekanja. Dei skulle vera tillitsmenn i prestebyane og dela ut gåvene til brørne sine, både store og små, i skift for skift,

16. til alle menn og gutar som var tre år eller meir, anten dei var oppskrivne i ættelistene eller ikkje, alle som dag etter dag kom til Herrens hus og gjorde det arbeidet dei hadde plikt til, kvar i sitt skift.

17. Prestane var oppskrivne i listene etter ættgreinene sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter dei pliktene dei hadde i skifta sine.

18. Alle var oppskrivne med heile huslyden sin, med koner, søner og døtrer. For med truskap skulle dei via seg til det heilage.

19. For dei av Arons-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by oppnemnt nokre menn som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteætt, og på alle som var oppskrivne i levittlistene.

20. Såleis gjekk Hiskia fram i heile Juda. Og han gjorde det som Herren hans Gud heldt for godt og rett og sant.

21. I alt han tok seg føre, anten det galdt tenesta i Guds hus, eller det galdt lova og boda, la han vinn på å tena sin Gud av heile sitt hjarta, og det lukkast for han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 31