Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 31:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Men under Konanja og Sjimi, bror hans, stod andre tilsynsmenn: Jehiel, Asasja, Nahat, Asael, Jerimot, Josabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja. Det var kong Hiskia og Asarja, forstandaren i Guds hus, som hadde sett dei til det.

14. Levitten Kore, son til Jimna, som heldt vakt ved austporten, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvene til Gud. Han skulle dela ut offergåvene som Herren fekk, og dei høgheilage gåvene.

15. Under han stod Eden, Minjamin, Jesjua, Sjemaja, Amarja og Sjekanja. Dei skulle vera tillitsmenn i prestebyane og dela ut gåvene til brørne sine, både store og små, i skift for skift,

16. til alle menn og gutar som var tre år eller meir, anten dei var oppskrivne i ættelistene eller ikkje, alle som dag etter dag kom til Herrens hus og gjorde det arbeidet dei hadde plikt til, kvar i sitt skift.

17. Prestane var oppskrivne i listene etter ættgreinene sine, og levittane som var tjue år eller meir, etter dei pliktene dei hadde i skifta sine.

18. Alle var oppskrivne med heile huslyden sin, med koner, søner og døtrer. For med truskap skulle dei via seg til det heilage.

19. For dei av Arons-sønene, prestane, som budde på markene kring byane sine, var det i kvar by oppnemnt nokre menn som skulle dela ut det som fall på alle menn og gutar av presteætt, og på alle som var oppskrivne i levittlistene.

20. Såleis gjekk Hiskia fram i heile Juda. Og han gjorde det som Herren hans Gud heldt for godt og rett og sant.

21. I alt han tok seg føre, anten det galdt tenesta i Guds hus, eller det galdt lova og boda, la han vinn på å tena sin Gud av heile sitt hjarta, og det lukkast for han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 31