Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 31:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då dei var ferdige med alt dette, drog alle dei israelittane som var der, av stad til byane i Juda. Dei knasa steinstøttene, hogg sund Asjera-pålane og reiv ned offerhaugane og altara både i heile Juda og i Benjamin, Efraim og Manasse, til det ingenting var att av dei. Så fór alle israelittane heim att til byane sine, kvar til sin eigedom.

2. Sidan skipa Hiskia preste- og levittskifta som det hadde vore før. Kvar prest og levitt fekk si serskilde oppgåve med å bera fram brennoffer og måltidsoffer, halda gudsteneste og syngja Herrens lov og pris ved portane til leiren hans.

3. Kongen gav ein del av det han åtte, til brennoffera som skulle berast fram morgon og kveld, på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene, så som skrive står i Herrens lov.

4. Han baud òg folket som budde i Jerusalem, å gje prestane og levittane det dei skulle ha, så dei kunne halda fast ved Herrens lov.

5. Då dette påbodet vart kjent, kom israelittane med fyrstegrøde i stor mengd, av korn og druesaft, olje og honning og alt det dei elles dyrka på marka. Dei bar fram rikeleg med tiend av alt.

6. Dei israelittane og judearane som budde i Juda-byane, gav òg tiend av storfe og småfe og kom med heilage gåver som var vigde til Herren deira Gud. Dei bar dei fram og la dei i haug etter haug.

7. I den tredje månaden tok dei til å leggja opp haugane, og i den sjuande var dei ferdige.

8. Då Hiskia og stormennene kom og fekk sjå haugane, prisa dei både Herren og Israel, folket hans.

9. Og då Hiskia spurde prestane og levittane om desse haugane,

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 31