Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 30:15-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle. Dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.

16. Dei stelte seg på den staden dei skal ha etter det som er føreskrive i lova av Moses, gudsmannen. Og prestane skvette blodet som levittane gav dei.

17. Det var mange i lyden som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, så dei kunne helga dei åt Herren.

18. For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Dei åt påskelammet utan å bry seg om det som var føreskrive. Men Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god; han vil nok tilgje

19. kvar den som av heile sitt hjarta søkjer Herren Gud, sin fedregud, endå om han ikkje er rein så som det krevst i heilagdomen.»

20. Og Herren høyrde bøna til Hiskia og sparte folket.

21. Såleis høgtida dei israelittane som var i Jerusalem, usyrdebrødshelga i sju dagar, og dei gjorde det med stor glede. Og levittane og prestane lova og prisa Herren dag etter dag til tonane frå sterke instrument.

22. Hiskia tala venleg til alle dei levittane som hadde synt dugleik i Herrens teneste. I sju samfulle dagar heldt dei høgtid. Dei slakta måltidsoffer og lova Herren, sin fedregud.

23. Men så samdest heile lyden om å halda høgtid endå i sju dagar, og dei heldt høgtid og var glade i sju dagar til.

24. Hiskia, kongen i Juda, gav lyden tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav dei tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg.

25. Så var dei glade og fegne, både heile Juda-lyden og prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel, og innflyttarane, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda.

26. Gleda var stor i Jerusalem; for noko slikt hadde ikkje hendt dei sidan den tid Salomo, son til David, var konge i Israel.

27. Og prestane og levittane reiste seg og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde opp til himmelen, til hans heilage bustad.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 30