Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 30:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Det samla seg mykje folk i Jerusalem og ville høgtida usyrdebrødshelga i den andre månaden. Det vart ein stor møtelyd.

14. Fyrst fekk dei bort dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen.

15. Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle. Dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.

16. Dei stelte seg på den staden dei skal ha etter det som er føreskrive i lova av Moses, gudsmannen. Og prestane skvette blodet som levittane gav dei.

17. Det var mange i lyden som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, så dei kunne helga dei åt Herren.

18. For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Dei åt påskelammet utan å bry seg om det som var føreskrive. Men Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god; han vil nok tilgje

19. kvar den som av heile sitt hjarta søkjer Herren Gud, sin fedregud, endå om han ikkje er rein så som det krevst i heilagdomen.»

20. Og Herren høyrde bøna til Hiskia og sparte folket.

21. Såleis høgtida dei israelittane som var i Jerusalem, usyrdebrødshelga i sju dagar, og dei gjorde det med stor glede. Og levittane og prestane lova og prisa Herren dag etter dag til tonane frå sterke instrument.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 30