Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 30:10-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Sendeboda skunda seg no ikring frå by til by i Efraim og Manasse og heilt til Sebulon. Men folk berre lo åt dei og spotta dei.

11. Det var berre nokre få i Asjer, Manasse og Sebulon som audmykte seg og kom til Jerusalem.

12. I Juda òg var Guds hand verksam, og han gav folket ein og same hug, så dei gjorde det som kongen og stormennene etter Herrens ord hadde sagt.

13. Det samla seg mykje folk i Jerusalem og ville høgtida usyrdebrødshelga i den andre månaden. Det vart ein stor møtelyd.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 30