Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 30:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så sende Hiskia bod ikring i Israel og Juda. Til Efraim og Manasse skreiv han òg brev og bad dei koma til Herrens hus i Jerusalem og halda påske for Herren, Israels Gud.

2. Kongen og stormennene hans og heile lyden hadde vorte samde om å høgtida påskehelga i den andre månaden.

3. For dei kunne ikkje gjera det med det same, av di det endå ikkje var prestar nok som hadde helga seg, og folket ikkje var samla i Jerusalem.

4. Det tykte både kongen og alt folket var rett.

5. Difor sette dei seg føre å ropa ut i heile Israel, frå Be’er-Sjeba til Dan, at folk skulle koma og halda påske for Herren, Israels Gud, i Jerusalem. For dei hadde ikkje halde den høgtida i samla flokk, så som føreskrive er.

6. Så skunda sendeboda seg av stad med breva frå kongen og stormennene hans. Etter kongens føresegn fór dei ikring i heile Israel og Juda og sa: De israelittar, vend om til Herren, Abrahams, Isaks og Israels Gud, så han kan venda seg til den leivningen av dykk som har berga seg unna assyrarkongen og hans velde.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 30