Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 3:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Forhalla framfor tempelromet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og tjue alner høg. Innvendes kledde han henne med reint gull.

5. Sjølve tempelromet kledde han med sypressbord og la det med ekte gull og sette palmer og kjeder på det.

6. Han prydde romet med dyre steinar, og gullet han bruka, var kome frå Parvajim.

7. Heile romet, både bjelkane, dørstokkane, veggene og dørene kledde han med gull, og på veggene skar han ut kjerubar.

8. Så laga han det høgheilage romet. Det var tjue alner langt, så lengda på det svara til breidda på huset, og tjue alner breitt. Og han la det med ekte gull, som vog seks hundre talentar.

9. Naglane var av gull og vog femti sekel. Loftsroma la han òg med gull.

10. I det høgheilage romet laga han to støypte kjerubar og kledde dei med gull.

11. Vengene åt kjerubane var til saman tjue alner lange. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til tempelveggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den andre kjeruben.

12. Og den andre kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til veggen. Hin vengen var òg fem alner og nådde bort til vengen åt den fyrste kjeruben.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 3