Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 29:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Sjå, fedrane våre er falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.

10. Men no har eg tenkt å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.

11. Slå dykk ikkje til ro, sønene mine! For dykk har Herren valt til å stå for hans åsyn og tena han, til å vera tenarane hans og ofra til han.

12. Då tok levittane til med arbeidet. Av Kehat-sønene var det Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja, av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel, av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah,

13. av Elisafan-sønene Sjimri og Je’uel, av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja,

14. av Heman-sønene Jehuel og Sjimi, og av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.

15. Dei samla brørne sine og helga seg, og så gjekk dei inn og reinsa Herrens hus, som kongen hadde sagt dei etter Herrens ord.

16. Prestane gjekk inn i Herrens hus og ville reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.

17. Det var den fyrste dagen i den fyrste månaden dei tok til å helga seg, og den åttande dagen gjekk dei inn i forhalla til Herrens hus. Så helga dei templet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige.

18. Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «No har vi reinsa heile Herrens hus og brennofferaltaret med alt som til høyrer, og skodebrødsbordet med alt som til høyrer.

19. Og alle dei kar som kong Akas i sin utruskap hadde vanhelga den tid han rådde for riket, dei har vi vølt og helga, og no står dei framfor Herrens altar.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 29