Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 29:2-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som David, ættefar hans, hadde gjort.

3. I det fyrste styringsåret sitt, i den fyrste månaden, opna han atter dørene til Herrens hus og sette dei i stand.

4. Så sende han bod etter prestane og levittane, samla dei på den opne plassen i aust

5. og sa til dei:Høyr på meg, de levittar! Helga no fyrst dykk sjølve, og helga så huset åt Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!

6. For fedrane våre har bore seg trulaust åt. Dei har gjort det som vondt er i Herrens augo, og skilt seg frå han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snutt ryggen til han.

7. Dei har jamvel stengt dørene til forhalla og sløkt lampene; dei har ikkje brent røykjelse og ikkje bore fram brennoffer for Israels Gud i heilagdomen.

8. Difor er Herrens vreide komen over Juda og Jerusalem, og han har gjeve folket over til redsle, tyning og spott, som de ser det med eigne augo.

9. Sjå, fedrane våre er falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.

10. Men no har eg tenkt å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.

11. Slå dykk ikkje til ro, sønene mine! For dykk har Herren valt til å stå for hans åsyn og tena han, til å vera tenarane hans og ofra til han.

12. Då tok levittane til med arbeidet. Av Kehat-sønene var det Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja, av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel, av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah,

13. av Elisafan-sønene Sjimri og Je’uel, av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja,

14. av Heman-sønene Jehuel og Sjimi, og av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.

15. Dei samla brørne sine og helga seg, og så gjekk dei inn og reinsa Herrens hus, som kongen hadde sagt dei etter Herrens ord.

16. Prestane gjekk inn i Herrens hus og ville reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.

17. Det var den fyrste dagen i den fyrste månaden dei tok til å helga seg, og den åttande dagen gjekk dei inn i forhalla til Herrens hus. Så helga dei templet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den fyrste månaden var dei ferdige.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 29