Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 28:5-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han, tok ei mengd av folket hans til fange og førte dei til Damaskus. Like eins vart han gjeven i hendene på Israels-kongen, som vann ein stor siger over han.

6. Pekah, son til Remalja, felte på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve karar. Så gjekk det fordi dei hadde svike Herren, sine fedrars Gud.

7. Sikri, ein krigar frå Efraim, felte Ma’aseja, kongssonen, og Asrikam, slottshovdingen, og Elkana, som var nest etter kongen.

8. Israelittane drog av med to hundre tusen fangar som dei hadde teke mellom frendane sine, og konene, sønene og døtrene deira. Dei reiv òg til seg stort hærfang, som dei tok med til Samaria.

9. Der var ein av Herrens profetar, som heitte Oded. Han gjekk til møtes med hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr her! Fordi Herren, dykkar fedregud, var harm på Juda-folket, gav han dei i dykkar vald. Men de har herja og drepe mellom dei med slikt sinne at det har nått heilt til himmelen.

10. Og no tenkjer de på å tvinga folket i Juda og Jerusalem til å vera trælar og trælkvinner for dykk! Har de ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud?

11. Så lyd no meg og send attende dei fangane som de har teke mellom frendane dykkar og ført bort! For Herrens brennande vreide er over dykk.»

12. Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram: Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai. Dei vende seg til dei som var komne heim att frå hærferda,

13. og sa: «Kom ikkje hit med fangane! De tenkjer visst å føra større synd og skuld over oss som alt har så mykje å svara for hjå Herren. Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.»

14. Då sleppte krigarane fangane fri og gav frå seg det hærfanget dei hadde røva, midt for augo på hovdingane og heile folkehopen.

15. Og dei mennene som nett er nemnde, kom og tok seg av fangane. Dei tok klede av hærfanget og hadde på alle som var nakne. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Sidan fór dei heim att til Samaria.

16. På den tid sende kong Akas bod til assyrarkongen og bad om hjelp.

17. For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.

18. Og filistarane herja Juda-byane, både i Sjefela og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, like eins Soko med småbyane ikring og Timna og Gimso, begge med småbyane som høyrde til. Og dei busette seg der.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 28