Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 28:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. På den tid sende kong Akas bod til assyrarkongen og bad om hjelp.

17. For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.

18. Og filistarane herja Juda-byane, både i Sjefela og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, like eins Soko med småbyane ikring og Timna og Gimso, begge med småbyane som høyrde til. Og dei busette seg der.

19. For Herren ville audmykja Juda av di kong Akas hadde ført folket vilt og vore trulaus mot Herren.

20. Så kom Tiglat-Pileser, kongen i Assyria, mot han; men han skapte naud og trengsle i staden for å hjelpa.

21. Endå Akas plyndra både Herrens hus og kongsgarden og tok frå stormennene og gav til assyrarkongen, så hjelpte det ikkje.

22. Jamvel i denne harde tida heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Akas.

23. Han ofra til gudane i Damaskus, som hadde vunne over han, og sa: «Det er gudane åt aramearkongane som har hjelpt dei; no vil eg ofra til dei, så hjelper dei meg.» Men dei vart til ulukke for han og for heile Israel.

24. Akas samla òg alle dei kar som var i Guds hus, og slo dei sund. Han stengde dørene til Herrens hus og laga seg altar på kvart gatehjørne i Jerusalem.

25. Og i kvar einaste by i Juda laga han haugar som han ofra på til framande gudar. Såleis harma han Herren, sin fedregud.

26. Det som elles er å seia om Akas og det han gjorde, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.

27. Akas gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Jerusalem, inne i byen; for dei ville ikkje leggja han i Israels kongegraver. Hiskia, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 28