Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 28:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Akas var tjue år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens augo, så som David, ættefar hans, hadde gjort,

2. men fór fram på same måten som Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Ba’al-gudane.

3. Han ofra i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein stygg skikk som han fekk frå dei folkeslaga Herren hadde drive ut or landet for israelittane.

4. Og han slakta og ofra på haugane og høgdene og under kvart grønt tre.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 28