Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 26:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. I Jerusalem fekk han laga kunstferdig uttenkte krigsmaskinar, som skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Og gjetordet om han nådde vide ikring; for han fekk hjelp på underfull vis, så makta hans vart stor.

16. Men då han hadde fått slik makt, vart hjarta hans så fullt av hovmod at han bar seg ille åt og sveik Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens heilagdom og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.

17. Men Asarja, presten, fylgde etter han og hadde med seg åtti andre av Herrens prestar, uredde menn.

18. Dei steig fram mot kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Arons-sønene, som er vigde til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hjå Herren din Gud.»

19. Då vart Ussia arg. Han stod alt med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men med det same han vart arg på prestane, braut det ut på panna hans ein hudsjukdom som gjorde han urein der han stod framfor prestane, attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.

20. Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, fordi Herren hadde råma han.

21. Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Difor budde han i eit hus for seg sjølv, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, stod for kongsgarden og styrte folket i landet.

22. Det som elles er å seia om Ussia, frå fyrst til sist, det har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp.

23. Ussia gjekk til kvile hjå fedrane sine, og dei gravla han på marka utanfor gravstaden åt kongane. For dei sa: «Han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.» Jotam, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 26