Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 26:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så tok heile Juda-folket og gjorde Ussia, som då var seksten år gamal, til konge etter Amasja, far hans.

2. Det var han som vann Eilat att åt Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hjå fedrane sine.

3. Ussia var seksten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.

4. Ussia gjorde det som rett var i Herrens augo, heilt og fullt som Amasja, far hans, hadde gjort.

5. Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på syner frå Gud. Og så lenge han søkte Herren, lét Gud allting lukkast for han.

6. Ussia drog i hærferd mot filistarane og reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar i Asjdod-bygda og andre stader i Filistarlandet.

7. Gud hjelpte han mot filistarane, mot dei arabarane som budde i Gur-Ba’al og mot me’unittane.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 26