Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 24:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. For den gudlause Atalja og sønene hennar har gjort stor skade på Guds hus og har jamvel teke dei heilage tinga i templet og nytta dei til Ba’al-gudane.»

8. Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus.

9. Og det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at folket skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i øydemarka.

10. Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket, og dei kom med pengane og kasta dei i kista til ho var full.

11. Då bar levittane henne inn til embetsmennene åt kongen. Og kvar gong dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett inn, og tømde henne. Så tok dei og sette henne på plass att. Det gjorde dei dag etter dag og samla ei mengd med pengar.

12. Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å setja huset i stand og jern- og koparsmedar til å vøla det.

13. Arbeidsfolket gjekk til verket, og arbeidet hadde god framgang under hendene deira. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før.

14. Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga reiskapar til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, og skåler og kar av gull og sølv. Sidan bar dei støtt fram brennoffer i Herrens hus, så lenge Jojada levde.

15. Jojada vart gamal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år då han døydde.

16. Dei gravla han i Davids-byen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel, for Gud og huset hans.

17. Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.

18. Så gav dei opp huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. For det brotet skuld kom Guds vreide over folket i Juda og Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 24