Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 24:13-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Arbeidsfolket gjekk til verket, og arbeidet hadde god framgang under hendene deira. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før.

14. Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga reiskapar til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, og skåler og kar av gull og sølv. Sidan bar dei støtt fram brennoffer i Herrens hus, så lenge Jojada levde.

15. Jojada vart gamal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år då han døydde.

16. Dei gravla han i Davids-byen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel, for Gud og huset hans.

17. Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.

18. Så gav dei opp huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. For det brotet skuld kom Guds vreide over folket i Juda og Jerusalem.

19. Herren sende dei profetar som skulle føra dei attende til han. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.

20. Då kom Guds Ande over Sakarja, son til presten Jojada. Og han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? På den måten går det dykk aldri vel. De har vendt dykk frå Herren; difor vender han seg frå dykk.»

21. Men dei svor seg saman mot han og steina han i føregarden til Herrens hus. Kongen baud dei gjera så.

22. Så lite kom kong Joasj i hug den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde vist han, at han drap son hans. Men Sakarja ropa med det same han døydde: «Herren ser det og skal hemna det!»

23. Då året var ute, gjorde aramearane ei hærferd mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og rudde ut alle stormennene i folket. Alt hærfanget dei tok, sende dei til kongen i Damaskus.

24. Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær, fordi folket i Juda hadde gått bort frå Herren, sin fedregud. Såleis vart straffedomen over Joasj sett i verk.

25. Då aramearane drog bort frå han og lét han liggja att i svær liding, svor tenarane hans seg saman mot han, fordi han hadde teke livet av sonen til presten Jojada. Og dei drap han der han låg. Såleis døydde Joasj. Dei gravla han i Davids-byen, men ikkje i kongegravene.

26. Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son til Sjimat, ei kvinne frå Ammon, og Josabad, son til Sjimrit frå Moab.

27. Om sønene til Joasj, om dei mange profetorda som vart tala mot han, og atterreisinga av Guds hus er det skrive i sogeverket om kongane. Amasja, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 24