Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 24:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Joasj var sju år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’er-Sjeba.

2. Joasj gjorde det som rett var i Herrens augo, så lenge presten Jojada levde.

3. Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.

4. Då det leid av ei tid, sette Joasj seg føre å vøla Herrens hus.

5. Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå heile Israel til å setja i stand huset åt dykkar Gud etter som det trengst år om anna. De må skunda dykk å gjera det!» Men levittane skunda seg ikkje.

6. Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til lovteltet som Moses, Herrens tenar, og Israels-lyden har fastsett?

7. For den gudlause Atalja og sønene hennar har gjort stor skade på Guds hus og har jamvel teke dei heilage tinga i templet og nytta dei til Ba’al-gudane.»

8. Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus.

9. Og det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at folket skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i øydemarka.

10. Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket, og dei kom med pengane og kasta dei i kista til ho var full.

11. Då bar levittane henne inn til embetsmennene åt kongen. Og kvar gong dei såg at det var mange pengar i kista, kom skrivaren åt kongen og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett inn, og tømde henne. Så tok dei og sette henne på plass att. Det gjorde dei dag etter dag og samla ei mengd med pengar.

12. Kongen og Jojada gav pengane til dei som stod for arbeidet på Herrens hus. Og dei leigde steinhoggarar og tømmermenn til å setja huset i stand og jern- og koparsmedar til å vøla det.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 24