Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 21:12-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud åt David, far din: Fordi du ikkje har fare fram som Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen,

13. men har fylgt den same vegen som Israels-kongane og fått Juda-folket og Jerusalems-buane til å driva avgudsdyrking, på same vis som Akabs-ætta gjorde det, og fordi du jamvel har drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du,

14. så vil Herren retta eit hardt slag mot folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig.

15. Og sjølv skal du få ein sjukdom, ein sjukdom i livet, som er så hard at innvolen til sist fell ut.

16. Så eggja Herren opp filistarane og dei arabarane som bur bortmed nubiarane, så dei vart harme på Joram.

17. Dei gjorde ei hærferd mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alle eigneluter som fanst i kongsgarden, og jamvel sønene og konene hans. Berre ein av sønene sine hadde han att, Joakas, som var yngst.

18. Etter alt dette lét Herren han få ein ulækjande sjukdom i livet.

19. Og til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at innvolen fall ut, og han døydde i hard liding. Folket hans kveikte ikkje nokon eld til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.

20. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davids-byen, men ikkje i kongegravene.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 21