Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 21:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i Davids-byen, og Joram, son hans, vart konge etter han.

2. Joram hadde nokre brør. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel.

3. Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og dyre eigneluter og attåt det festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram; for han var den eldste.

4. Då Joram hadde stige opp på kongsstolen etter far sin og hadde trygt makta si, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av stormennene i Israel.

5. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

6. Han fylgde den same vegen som Israels-kongane og bar seg like eins åt som Akabs-ætta. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

7. Men Herren ville ikkje rydja ut Davids-ætta, fordi han hadde gjort pakt med David og lova at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.

8. I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 21