Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 21:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så gjekk Josjafat til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i fedregrava i Davids-byen, og Joram, son hans, vart konge etter han.

2. Joram hadde nokre brør. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel.

3. Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og dyre eigneluter og attåt det festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram; for han var den eldste.

4. Då Joram hadde stige opp på kongsstolen etter far sin og hadde trygt makta si, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av stormennene i Israel.

5. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

6. Han fylgde den same vegen som Israels-kongane og bar seg like eins åt som Akabs-ætta. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

7. Men Herren ville ikkje rydja ut Davids-ætta, fordi han hadde gjort pakt med David og lova at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.

8. I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.

9. Då drog Joram dit med hovdingane sine og hadde alle stridsvognene med seg. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene.

10. Likevel kom edomittane seg laus frå Juda og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus frå Joram, fordi han hadde vendt seg frå Herren, sine fedrars Gud.

11. Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, fekk folket i Jerusalem til å driva avgudsdyrking og førte judearane bort frå den rette vegen.

12. Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud åt David, far din: Fordi du ikkje har fare fram som Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen,

13. men har fylgt den same vegen som Israels-kongane og fått Juda-folket og Jerusalems-buane til å driva avgudsdyrking, på same vis som Akabs-ætta gjorde det, og fordi du jamvel har drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du,

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 21