Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:5-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,

6. og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.

7. Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid?

8. Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt. Og dei sa:

9. « Kjem det ei ulukke over oss, sverd, straffedom, pest eller uår, då vil vi gå fram for dette huset, for ditt åsyn; for i dette huset bur namnet ditt. Vi vil ropa til deg i vår naud, og du vil høyra og hjelpa.»

10. Sjå no ammonittane og moabittane og dei som bur i Se’ir-fjellet! Du gav ikkje israelittane lov til å dra inn i landa deira den gongen dei kom frå Egypt. Difor bøygde dei av og fór bort utan å øydeleggja dei.

11. Men sjå korleis dei løner oss, desse folka! No kjem dei og vil driva oss ut or landet ditt, det som du har gjeve oss til eige.

12. Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg.

13. Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med.

14. Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene.

15. Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.

16. Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka.

17. Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

18. Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20