Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:23-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Då vende ammonittane og moabittane seg mot Se’ir-buane og hogg dei ned til siste mann. Og då dei hadde gjort ende på Se’ir-buane, gav dei seg til å drepa kvarandre.

24. Då judearane kom opp til den staden der ein kunne sjå utover øydemarka, og såg seg om etter hæren, fekk dei auga på alle som låg livlause på marka; ingen hadde sloppe unna.

25. Josjafat og mennene hans drog då dit og ville ta hærfang, og dei fann ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter. Dei reiv til seg så mykje at dei ikkje kunne bera det alt. Tre dagar heldt dei på med å plyndra; så stort var hærfanget.

26. Fjerde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen, og der lova dei Herren. Difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet har han hatt til denne dag.

27. Så fór dei heim att, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat føre, og glade kom dei til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna over fiendane.

28. Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus.

29. Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar.

30. Og sidan hadde Josjafats rike fred; for hans Gud lét han få ro på alle kantar.

31. Så rådde no Josjafat i Juda. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.

32. Josjafat heldt fram etter same vegen som Asa, far hans, hadde fylgt, og veik ikkje av frå den. Han gjorde det som rett var i Herrens augo.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20