Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:21-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Sidan samrådde han seg med folket og stelte så opp ein flokk med songarar, som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»

22. Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong, lét Herren ein flokk som låg i bakhald, ta på ammonittane, moabittane og mennene frå Se’ir-fjellet, dei som rykte fram mot Juda, og dei vart slegne.

23. Då vende ammonittane og moabittane seg mot Se’ir-buane og hogg dei ned til siste mann. Og då dei hadde gjort ende på Se’ir-buane, gav dei seg til å drepa kvarandre.

24. Då judearane kom opp til den staden der ein kunne sjå utover øydemarka, og såg seg om etter hæren, fekk dei auga på alle som låg livlause på marka; ingen hadde sloppe unna.

25. Josjafat og mennene hans drog då dit og ville ta hærfang, og dei fann ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter. Dei reiv til seg så mykje at dei ikkje kunne bera det alt. Tre dagar heldt dei på med å plyndra; så stort var hærfanget.

26. Fjerde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen, og der lova dei Herren. Difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet har han hatt til denne dag.

27. Så fór dei heim att, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat føre, og glade kom dei til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna over fiendane.

28. Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus.

29. Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar.

30. Og sidan hadde Josjafats rike fred; for hans Gud lét han få ro på alle kantar.

31. Så rådde no Josjafat i Juda. Han var trettifem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilki.

32. Josjafat heldt fram etter same vegen som Asa, far hans, hadde fylgt, og veik ikkje av frå den. Han gjorde det som rett var i Herrens augo.

33. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hugen til sine fedrars Gud.

34. Det som elles er å seia om Josjafat, frå fyrst til sist, det står skrive i eit skrift av Jehu, son til Hanani, som er innteke i boka om Israels-kongane.

35. Sidan gjorde Josjafat, Judakongen, ein avtale med Akasja, Israels-kongen, han som bar seg så gudlaust åt.

36. Han vart samd med han om å byggja skip som skulle gå til Tarsis; og dei bygde nokre skip i Esjon-Geber.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20