Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:13-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med.

14. Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene.

15. Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.

16. Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka.

17. Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

18. Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han.

19. Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst.

20. Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20