Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 19:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Josjafat, Juda-kongen, fór uskadd heim att til Jerusalem.

2. Då kom sjåaren Jehu, son til Hanani, ut mot han og sa: «Skal du hjelpa den gudlause og halda av dei som hatar Herren? For dette kviler Herrens vreide over deg.

3. Men noko godt finst det hjå deg. Du har rudt ut Asjera-pålane or landet og lagt vinn på å søkja Gud.»

4. Josjafat drygde no ei tid i Jerusalem. Men sidan fór han atter ikring mellom folket, frå Be’er-Sjeba til Efraims-fjella, og førte dei attende til Herren, deira fedrars Gud.

5. Han sette inn domarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by.

6. Og han sa til domarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømer, men for Herren. Og han er hjå dykk når de feller dom.

7. Så lat då otte for Herren vera over dykk! Ver varsame i all dykkar ferd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 19