Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 18:18-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

19. Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, Israels-kongen, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

20. Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren.

21. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

22. Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

23. Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?»

24. Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.»

25. Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj

26. og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!»

27. Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!»

28. Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

29. Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden.

30. No hadde aramearkongen sagt frå til hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.»

31. Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det er Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop, og Herren hjelpte han. Gud fekk dei til å venda seg bort frå han.

32. Straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

33. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.»

34. Striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen heldt seg oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane heilt til kvelds. Men då sola gladde, døydde han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 18