Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 18:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Endå Josjafat hadde vunne så stor rikdom og ære, lét han son sin gifta seg med dotter til Akab.

2. Nokre år etter fór han ned til Akab i Samaria. Akab slakta ei mengd med småfe og storfe for han og dei mennene han hadde med seg, og eggja han til å fara i hærferd mot Ramot i Gilead.

3. «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» sa Akab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk; vi går med deg i krigen.»

4. Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør fyrst Herren til råds!»

5. Då kalla Akab saman profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Gud vil gje byen i hendene dine, konge.»

6. Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»

7. Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

8. Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

9. Imedan sat Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, i kongeleg skrud på kvar sin kongsstol på ein treskjevoll utmed byporten i Samaria, og alle profetane stod framføre dei og sa fram spådomane sine.

10. Då laga Sidkia, son til Kena’ana, seg horn av jern og sa: «Så seier Herren: Med desse skal du stanga aramearane til det er ute med dei.»

11. Og alle dei andre profetane spådde like eins og sa: «Far opp mot Ramot i Gilead, så skal du ha lukka med deg. Herren vil gje byen i hendene dine, konge.»

12. Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 18