Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 16:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det trettisjette styringsåret åt Asa gjorde Basja, Israels-kongen, ei hærferd mot Juda. Han bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

2. Då tok Asa fram sølv og gull frå skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han sende det til Benhadad, kongen i Aram, som budde i Damaskus, med desse orda:

3. «Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, Israels-kongen, så han må fara bort frå meg.»

4. Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan og Abel-Majim og alle lagerhusa i Naftali-byane.

5. Då Basja fekk melding om dette, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han la ned det arbeidet.

6. Men kong Asa tok heile Juda-folket med seg, og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste Asa festningsverk i Geba og Mispa.

7. Ved det leitet kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, difor har hæren åt aramearkongen sloppe ut or hendene dine.

8. Hadde ikkje nubiarane og libyarane òg ein stor hær med stridsvogner og hestfolk i mengd? Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei i ditt vald.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 16