Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 14:13-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Asa og folket som var med han, forfylgde dei heilt til Gerar, og nubiarane fall til siste mann. Dei vart knuste der Herren og hans hær fór fram, og judearane tok med seg eit uhorveleg hærfang.

14. Dei tok alle byane kring Gerar; for ei redsle frå Herren var komen over folket der. Dei plyndra alle desse byane; for der var det mykje å ta.

15. Dei slo òg i hel nokre menn som dreiv med feal, og førte bort ei mengd med sauer og kamelar. Så fór dei heim att til Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 14