Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 14:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han. I hans dagar hadde landet fred i ti år.

2. Asa gjorde det som godt og rett var i augo åt Herren hans Gud.

3. Han fekk bort altara for framande gudar og offerhaugane, slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane.

4. Han sa til folket i Juda at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, og halda lova og boda.

5. I alle Juda-byane fekk han bort offerhaugane og røykjelsesaltara. Og riket hadde fred så lenge han styrte.

6. Asa bygde festningsbyar i Juda; for landet hadde fred. Ingen gjekk til strid mot han i dei åra; for Herren laga det så at han fekk ro.

7. Asa sa til folket i Juda: «Lat oss byggja ut desse byane og reisa murar ikring dei, med tårn og portar og bommar. Enno rår vi fritt over landet, fordi vi har søkt Herren vår Gud. Vi har søkt han, og han har late oss få ro på alle kantar.» Så tok dei til å byggja, og alt gjekk godt.

8. Asa hadde ein hær på tre hundre tusen mann frå Juda, væpna med store skjold og spyd, og to hundre og åtti tusen mann frå Benjamin, som bar små skjold og skaut med boge. Dei var alle djerve stridsmenn.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 14