Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 12:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då gjorde dei seg mjuke, både stormennene i Israel og kongen, og sa: «Herren er rettferdig.»

7. Og då Herren såg at dei hadde gjort seg mjuke, kom Herrens ord til Sjemaja, og det lydde så: «Sidan dei har gjort seg mjuke, vil eg ikkje tyna dei; eg lèt dei så vidt sleppa unna. Harmen min skal ikkje ausast ut over Jerusalem gjennom Sjisjak.

8. Men dei skal verta tenarane hans, og då skal dei få kjenna kor stor skilnad det er på å tena meg og å tena kongane i andre land.»

9. Så drog Sjisjak, egyptarkongen, mot Jerusalem. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han gullskjolda som Salomo hadde fått laga.

10. I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt ved slottsporten, til å ta vare på dei.

11. Og kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, kom vaktene og bar desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet.

12. Fordi Rehabeam gjorde seg mjuk, vende Herrens vreide seg frå han. Han ville ikkje heilt gjera ende på han. Det fanst då endå noko godt i Juda.

13. Så sat Rehabeam atter trygg i Jerusalem og styrte riket sitt. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og sytten år styrte han i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon.

14. Rehabeam gjorde det som vondt var; for han la ikkje vinn på å søkja Herren.

15. Det som er å fortelja om Rehabeam, frå fyrst til sist, det står skrive i bøkene åt profeten Sjemaja og sjåaren Iddo, saman med ættelista hans. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida.

16. Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen, og Abia, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 12