Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 12:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Rehabeam hadde kongedømet fast i si hand, og han sjølv var sterk vorten, vende han seg frå Herrens lov, og heile Israel med han.

2. Så hende det i femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem; for folket der hadde svike Herren.

3. Han kom med tolv hundre stridsvogner og seksti tusen hestfolk og ein tallaus hop som fylgde han frå Egypt: libyarar, sukkittar og nubiarar.

4. Han tok festningsbyane i Juda og kom heilt til Jerusalem.

5. Då kom profeten Sjemaja til Rehabeam og stormennene i Juda som hadde samla seg i Jerusalem fordi dei var redde Sjisjak. Og han sa til dei: «Så seier Herren: De har vendt dykk frå meg. Difor vender eg meg frå dykk og gjev dykk i Sjisjaks hand.»

6. Då gjorde dei seg mjuke, både stormennene i Israel og kongen, og sa: «Herren er rettferdig.»

7. Og då Herren såg at dei hadde gjort seg mjuke, kom Herrens ord til Sjemaja, og det lydde så: «Sidan dei har gjort seg mjuke, vil eg ikkje tyna dei; eg lèt dei så vidt sleppa unna. Harmen min skal ikkje ausast ut over Jerusalem gjennom Sjisjak.

8. Men dei skal verta tenarane hans, og då skal dei få kjenna kor stor skilnad det er på å tena meg og å tena kongane i andre land.»

9. Så drog Sjisjak, egyptarkongen, mot Jerusalem. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han gullskjolda som Salomo hadde fått laga.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 12