Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 10:9-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.»

10. Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min.

11. Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

12. Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»

13. Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han,

14. men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 10