Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 10:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Dei sa: «Syner du deg venleg mot dette folket, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»

8. Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han.

9. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.»

10. Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min.

11. Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

12. Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 10