Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 10:13-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Kong Rehabeam gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han,

14. men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

15. Kongen høyrde ikkje på folket. Gud laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.

16. Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:«Kva del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, ¬for ditt eige hus!»Så fór alle israelittane heim att.

17. Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.

18. Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem.

19. Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 10