Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 9:26-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Sanneleg, i går såg eg blodet åt Nabot og sønene hans, lyder ordet frå Herren. Og det vil eg gje deg lika for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.»

27. Då Akasja, Juda-kongen, såg det, rømde han og tok vegen til hagehuset. Men Jehu sette etter han og ropa: «Slå han ned, han òg!» Og det gjorde dei medan han sat i vogna si, i Gur-kleiva ved Jibleam. Han rømde til Megiddo, og der døydde han.

28. Mennene hans køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav som var stelt til åt han hjå fedrane hans i Davids-byen.

29. Akasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret åt Joram, son til Akab.

30. Så kom Jehu til Jisre’el. Då Jesabel høyrde det, sminka ho seg kring augo, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauga.

31. Då Jehu kom inn gjennom porten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?»

32. Jehu såg opp mot vindauga og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to – tre hoffmenn såg ut gjennom vindauga,

33. ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned, så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot.

34. Så gjekk Jehu inn. Då han hadde ete og drukke, sa han: «Sjå til å få denne forbanna kvinna i jorda! Ho var då ei kongsdotter.»

35. Men då dei kom og skulle gravleggja henne, fann dei ikkje anna enn hovudskallen, føtene og hendene.

36. Dei gjekk attende og fortalde dette til Jehu. Då sa han: «No er det oppfylt, det ordet som Herren tala gjennom tenaren sin, Elia frå Tisjbe, då han sa: På Jisre’el-marka skal hundane eta opp kroppen åt Jesabel.

37. Liket hennar skal verta som møk på jorda i Jisre’el, og ingen skal kunna seia: Dette er Jesabel.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 9