Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 9:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på troppestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!»

14. Såleis fekk Jehu, son til Josjafat Nimsjison, i stand ei samansverjing mot kong Joram. Joram hadde lege ute med heile Israels-hæren og forsvart Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael.

15. Men sjølv var han faren heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han då han stridde mot Hasael, kongen i Aram.No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut or byen og koma til Jisre’el og fortelja om dette.»

16. Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisre’el, der Joram låg sjuk. Akasja, Juda-kongen, var òg komen dit; han ville sjå om Joram.

17. Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisre’el, såg Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein stor flokk som kjem farande.» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han til møtes med dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»

18. Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nått fram, men han kjem ikkje attende.»

19. Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!»

20. Vaktmannen sa frå: «Han har nått fram til flokken, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulle ein tru det var Jehu Nimsjison. For han køyrer som ein galen!»

21. Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Akasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisre’el til.

22. Med det same Joram fekk auga på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan du tala om fred så lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 9