Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 7:15-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei fylgde etter aramearane radt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og våpen som aramearane hadde kasta frå seg då dei rømde. Sendeboda kom att og sa frå om dette til kongen.

16. No drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea kveitemjøl vart seld for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel.

17. Kongen hadde sett den våpensveinen som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han.

18. Då sa han til kongen: «I morgon på denne tid skal dei selja to sea byggmjøl for ein sekel og ein sea kveitemjøl for ein sekel på torget i Samaria.»

19. Då tok våpensveinen til ords og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Men gudsmannen svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 7