Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 7:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sa Elisja: «Høyr Herrens ord! Så seier Herren: I morgon på denne tid skal dei selja ein sea kveitemjøl for ein sekel og to sea byggmjøl for ein sekel på torget i Samaria.»

2. Men våpensveinen som kongen stødde seg til, sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker på himmelen, kunne då ikkje slikt henda!» Elisja svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du får ikkje eta av mjølet.»

3. Fire menn som leid av hudsjukdom, heldt til utmed byporten. Dei sa seg imellom: «Kvifor skal vi sitja her til vi døyr?

4. Seier vi at vi vil gå inn i byen, må vi døy; for det er hungersnaud der. Og vert vi sitjande her, må vi òg døy. Kom, lat oss gå over til leiren åt aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, får vi døy.»

5. I skumringa tok dei av stad og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.

6. For Herren hadde laga det så at aramearane høyrde larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei seg imellom: «Du skal sjå at Israels-kongen har leigt hetittkongane og egyptarkongane til å strida mot oss!»

7. Så tok dei ut og rømde i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren som han stod, og rømde på harde livet.

8. Då mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei attende og gjekk inn i eit anna telt. Der òg tok dei det som var, og gjekk bort og gøymde det.

9. Men så sa dei seg imellom: «Det er ikkje rett det vi no gjer. Dette er dagen då vi kan bera gledebod. Teier vi og dryer til det ljosnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og seia frå i kongsgarden!»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 7