Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 6:24-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Ei tid etter hende det at Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria.

25. Medan aramearane heldt byen kringsett, vart det slik hungersnaud der at eit eselhovud kosta åtti sekel sølv, og fjerdeparten av ein kab duemøk fem sekel.

26. Då Israels-kongen ein dag gjekk att og fram oppå muren, var det ei kvinne som ropa til han: «Hjelp, herre konge!»

27. Han svara: «Når Herren ikkje hjelper deg, kvar skal så eg henta hjelp frå? Frå treskjevoll eller vinpresse?»

28. Og kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Denne kvinna sa til meg: Kom hit med son din, og lat oss eta han i dag, så kan vi eta min son i morgon.

29. Så koka vi son min og åt han. Dagen etter sa eg til henne: Kom no med son din, og lat oss eta han! Men då heldt ho guten løynd.»

30. Då kongen høyrde det kvinna fortalde, reiv han sund kleda sine der han gjekk att og fram oppå muren. Og folket såg at han hadde botsklede inst på kroppen.

31. «Gud la det gå meg ille både no og sidan,» sa han, «om hovudet får sitja på Elisja Sjafatsson dagen ut!»

32. Imedan sat Elisja heime i huset sitt, og dei eldste var hjå han. Då sende kongen ein mann dit føre seg. Men før mannen kom fram, sa Elisja til dei eldste: «Veit de at denne mordarsonen har sendt ein mann hit som skal hogga hovudet av meg? Når han kjem, må de stengja døra og halda han ute. Eg høyrer alt lyden av kongens fotsteg bak han.»

33. Medan Elisja endå tala med dei, kom kongen til han. Han sa: «Sjå, denne ulukka kjem frå Herren. Kvifor skal eg då venta på Herren lenger?»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 6