Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 6:19-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Då sa Elisja til dei: «Dette er ikkje den rette vegen og den rette byen. Fylg meg, så skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» Så førte han dei til Samaria.

20. Då dei kom dit, bad Elisja: «Herre, opna augo deira, så dei kan sjå!» Herren opna augo deira, og dei såg at dei var midt i Samaria.

21. Då Israels-kongen fekk auga på dei, sa han til Elisja: «Skal eg hogga dei ned, far?»

22. Men han svara: «Nei, det skal du ikkje. Du høgg då ikkje eingong ned dei som du tek til fange med sverd eller boge. Set fram for dei brød og vatn, så dei kan eta og drikka og sidan fara attende til herren sin.»

23. Kongen stelte til eit stort gjestebod for dei, og dei åt og drakk. Så lét han dei gå, og dei fór attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire flokkar frå Aram og herja i Israel.

24. Ei tid etter hende det at Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria.

25. Medan aramearane heldt byen kringsett, vart det slik hungersnaud der at eit eselhovud kosta åtti sekel sølv, og fjerdeparten av ein kab duemøk fem sekel.

26. Då Israels-kongen ein dag gjekk att og fram oppå muren, var det ei kvinne som ropa til han: «Hjelp, herre konge!»

27. Han svara: «Når Herren ikkje hjelper deg, kvar skal så eg henta hjelp frå? Frå treskjevoll eller vinpresse?»

28. Og kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Denne kvinna sa til meg: Kom hit med son din, og lat oss eta han i dag, så kan vi eta min son i morgon.

29. Så koka vi son min og åt han. Dagen etter sa eg til henne: Kom no med son din, og lat oss eta han! Men då heldt ho guten løynd.»

30. Då kongen høyrde det kvinna fortalde, reiv han sund kleda sine der han gjekk att og fram oppå muren. Og folket såg at han hadde botsklede inst på kroppen.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 6