Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 6:12-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Ein av mennene svara: «Det er ingen av oss, herre konge. Men Elisja, profeten i Israel, lèt Israels-kongen få vita kva du seier i soveromet ditt.»

13. Då sa kongen: «Gå av stad og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og henta han.» Dei kom att og sa frå at profeten var i Dotan.

14. Dit sende så kongen ein stor hær med hestar og vogner. Dei kom fram om natta og kringsette byen.

15. Tidleg andre morgonen, då tenaren åt gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auga på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. «Å, herre, kva skal vi no gjera?» sa guten til Elisja.

16. Han svara: «Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei.»

17. Så bad Elisja til Herren og sa: «Opna augo åt guten, så han kan sjå!» Då opna Herren augo hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisja.

18. Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Vildra synet på dette folket!» Herren gjorde som Elisja bad, og vildra synet deira.

19. Då sa Elisja til dei: «Dette er ikkje den rette vegen og den rette byen. Fylg meg, så skal eg føra dykk til den mannen de leitar etter.» Så førte han dei til Samaria.

20. Då dei kom dit, bad Elisja: «Herre, opna augo deira, så dei kan sjå!» Herren opna augo deira, og dei såg at dei var midt i Samaria.

21. Då Israels-kongen fekk auga på dei, sa han til Elisja: «Skal eg hogga dei ned, far?»

22. Men han svara: «Nei, det skal du ikkje. Du høgg då ikkje eingong ned dei som du tek til fange med sverd eller boge. Set fram for dei brød og vatn, så dei kan eta og drikka og sidan fara attende til herren sin.»

23. Kongen stelte til eit stort gjestebod for dei, og dei åt og drakk. Så lét han dei gå, og dei fór attende til herren sin. Sidan kom det ikkje fleire flokkar frå Aram og herja i Israel.

24. Ei tid etter hende det at Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin og drog opp og kringsette Samaria.

25. Medan aramearane heldt byen kringsett, vart det slik hungersnaud der at eit eselhovud kosta åtti sekel sølv, og fjerdeparten av ein kab duemøk fem sekel.

26. Då Israels-kongen ein dag gjekk att og fram oppå muren, var det ei kvinne som ropa til han: «Hjelp, herre konge!»

27. Han svara: «Når Herren ikkje hjelper deg, kvar skal så eg henta hjelp frå? Frå treskjevoll eller vinpresse?»

28. Og kongen spurde: «Kva er i vegen med deg?» Ho svara: «Denne kvinna sa til meg: Kom hit med son din, og lat oss eta han i dag, så kan vi eta min son i morgon.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 6