Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 5:9-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja.

10. Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.»

11. Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen.

12. Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne.

13. Men tenarane hans kom til han og sa: «Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!»

14. Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein.

15. Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!»

16. Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Na’aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.

17. Då sa Na’aman: «Når du ikkje vil, så lat tenaren din få så mykje mold som eit par muldyr kan bera. For eg vil aldri meir bera fram brennoffer og slaktoffer til andre gudar, men berre til Herren.

18. Men ein ting må Herren tilgje meg: Når herren min, kongen, går inn i Rimmon-templet for å kasta seg ned og tilbe der, og han stør seg på handa mi, så eg òg kastar meg ned der i Rimmon-templet, då må Herren tilgje meg det.»

19. Elisja svara: «Far i fred!»Då Na’aman hadde gått frå han og var komen eit stykke på vegen,

20. tenkte Gehasi, som var tenestgut hjå gudsmannen Elisja: «No har husbonden min spart denne aramearen Na’aman og ikkje teke imot det han hadde med seg. Så sant Herren lever: Eg vil springa etter han og få eitkvart av han.»

21. Dermed sette Gehasi av stad etter Na’aman. Då Na’aman såg at det kom ein springande etter han, hoppa han ned av vogna, gjekk imot han og spurde: «Kva er i vegen?»

22. «Ikkje noko,» sa Gehasi, «men herren min har sendt meg med dette bodet: To unge profetsveinar frå Efraims-fjella er nett komne til meg. Lat dei få ein talent sølv og eit par festkledningar!»

23. Na’aman svara: «Gjer vel og ta to talentar!» Han nøydde han og knytte to talentar sølv inn i to pungar. Så tok han to festkledningar og gav til to av tenestgutane sine, som bar dei føre Gehasi.

24. Men då dei kom opp på haugen, tok han det frå dei og gøymde det i huset. Så bad han farvel med mennene, og dei fór sin veg.

25. Då Gehasi kom inn og gjekk bort til herren sin, sa Elisja til han: «Kvar kjem du frå, Gehasi?» «Eg har ikkje vore nokon stad,» svara han.

26. Men profeten sa til han: «Trur du ikkje eg var der i ånda då mannen snudde seg frå vogna og gjekk til møtes med deg? Har du no teke imot pengar for å få deg klede, oliventre og vingardar, småfe og storfe, trælar og trælkvinner?

27. Difor skal hudsjukdomen åt Na’aman for alltid hanga ved deg og ætta di.» Då Gehasi gjekk bort frå han, var han sjuk; huda hans var som snø.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 5