Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 5:5-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Då sa aramearkongen: «Far du dit! Eg skal senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så tok han ut og hadde med seg ti talentar sølv, seks tusen sekel gull og ti festkledningar.

6. Na’aman gjekk fram for Israels-kongen og gav han brevet. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Na’aman, tenaren min, til deg for at du skal gjera han god att av den sjukdomen han lid av.»

7. Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud, så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal gjera han god att av hudsjukdomen? No kan de vel sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg!»

8. Men då Elisja, gudsmannen, fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel!»

9. Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja.

10. Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.»

11. Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen.

12. Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne.

13. Men tenarane hans kom til han og sa: «Kjære husbond, hadde profeten lagt på deg noko vanskeleg, ville du ikkje då ha gjort det? Kor mykje meir no, når han berre seier til deg: Lauga deg, så vert du rein!»

14. Så gjekk Na’aman ned til Jordan og dukka seg sju gonger i elva, som gudsmannen hadde sagt. Då vart kroppen hans frisk att som kroppen åt ein smågut, og han vart rein.

15. Så fór han attende til gudsmannen med heile fylgjet sitt. Då han kom dit, gjekk han fram for profeten og sa: «No veit eg at det ikkje finst nokon Gud på heile jorda utan i Israel. Gjer vel og ta imot ei gåve av tenaren din!»

16. Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, han som eg tener: Eg tek ikkje imot noko.» Na’aman bad han inntrengjande om å ta imot, men han ville ikkje.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 5