Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 5:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Na’aman, hærføraren åt aramearkongen, hadde mykje å seia hjå herren sin og var høgt vørd; for med hans hjelp hadde Herren gjeve aramearane siger. Han var ein stor krigar, men han hadde ein hudsjukdom som gjorde han urein.

2. På ei av herjeferdene sine hadde aramearane ein gong ført bort ei lita jente frå Israel. No tente ho hjå kona åt Na’aman.

3. Ein dag sa ho til matmor si: «Berre husbonden min var hjå profeten i Samaria, så skulle han nok gjera han god att av hudsjukdomen.»

4. Na’aman gjekk til herren sin og fortalde han kva jenta frå Israel hadde sagt.

5. Då sa aramearkongen: «Far du dit! Eg skal senda med deg eit brev til kongen i Israel.» Så tok han ut og hadde med seg ti talentar sølv, seks tusen sekel gull og ti festkledningar.

6. Na’aman gjekk fram for Israels-kongen og gav han brevet. Der stod: «Når du får dette brevet, ser du at eg har sendt Na’aman, tenaren min, til deg for at du skal gjera han god att av den sjukdomen han lid av.»

7. Då Israels-kongen hadde lese brevet, reiv han sund kleda sine og sa: «Er eg Gud, så eg rår for liv og død, sidan han sender bod til meg og vil at eg skal gjera han god att av hudsjukdomen? No kan de vel sjå og skjøna at han vil yppa strid med meg!»

8. Men då Elisja, gudsmannen, fekk høyra at kongen hadde rive sund kleda sine, sende han bod til han og sa: «Kvifor har du rive sund kleda dine? Lat mannen koma til meg, så skal han få sanna at det finst ein profet i Israel!»

9. Så kom Na’aman med hestar og vogner og stogga utfor døra til huset åt Elisja.

10. Elisja sende ut ein mann som skulle seia: «Gå ned og lauga deg sju gonger i Jordan! Så vert kroppen din frisk og du rein.»

11. Då vart Na’aman harm og fór sin veg. Han sa: «Eg trudde han ville koma ut til meg, stå fram og kalla på Herren sin Gud og føra handa att og fram over den sjuke staden, så eg vart god att av sjukdomen.

12. Er ikkje elvane ved Damaskus, Abana og Parpar, like gode som alle vassdrag i Israel? Kunne eg ikkje lauga meg i dei og verta rein?» Så snudde Na’aman om og fór bort i fullt sinne.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 5